Fange nr. 424 i SS Strafgefangenenlager Falstad.

Hvem var han? Hvorfor havnet han i fangenskap? Hva hendte med ham?

Denne bloggen fulgte Falstadsenterets undervisningsopplegg om holocaust i 2010. Ved å studere primærkilder i en egen utstilling på senteret gjorde elever i ungdoms- og videregående skoler seg kjent med Josef Grabowskis historie. Samtlige kilder, og forslag til hvordan elever og lærere kan ta dem i bruk er tilgjengelig på nettressursen http://www.grabowski.no/

Se NRKs omtale av undervisningsopplegget her!




08.02.2010

Utstillingsåpning søndag

Utstillingen "Fange nr 424 - Josef Grabowski" ble offisielt åpnet i går. Her er utdrag av åpningstalen holdt av Ola Svein Stugu, professor i historie ved NTNU:

"(...)Kva er det med historia om Josef Grabowski og omstenda som forma livet hans som gjer ho så inntrykksfull?

For det første er det ei personleg historie. Statistikk kan vere eit godt hjelpemiddel til intellektuell forklaring, men forblir ein abstraksjon. Diskusjonen om kvar talet på drepne jødar totalt ligg i spekteret mellom 5,3 og 6,2 millionar, er akademisk i all si uhyrlegheit. 771 deporterte jødar frå Norge minus 34 som kom att i livet, blir fort eit makabert reknestykke. Men når tala blir knytte til namn og ansikt, trer betydninga bak sifra fram for oss. Da opnar dei for identifikasjon og empati, og det unike enkeltmennesket trer fram, i all si verdigheit og skrøpelegheit.

Bak namnet Josef Grabowski finn vi også eit menneske, og kjeldene som er funne fram, gjev oss viktige milestolpar i livet hans. Fotografia let oss også få vite korleis han såg ut. Og der kjeldene er knappe, offisielle og formelle, gjev dei likevel også opning for å prøve å fylle ut tomromma mellom dei og stille viktige spørsmål som vi ikkje kan finne gode svar på: Kva slags draumar bar han på for resten av livet? Vi veit at han hadde planlagt å kome seg til USA; korleis opplevde han det da vegen dit vart stengt? Kva slags forhold hadde han til den ti år yngre kona si i eit barnlaust ekteskap? Var det eit ekteskap prega av djup kjærleik og fortrulegheit, eller var det kan hende eit proformaarrangement slik at også ho skulle kome seg ut av Tyskland?

Slike spørsmål opnar det pedagogiske prosjektet for. Det er på ein måte eit risikoprosjekt, fordi ein ikkje har kontroll på korleis elevane vil bruke kjeldene, og kva slags forteljingar dei i siste omgang vil sette saman. Men kjensgjerningane er likevel så mange og så tydelege at dei står der som gjerdestoplar som forteljingane ikkje kan bevege seg utanom, det er tomromma mellom gjerdestolpane ein kan bevege seg inn i med empati og medfølt fantasi.

Eit spørsmål står likevel igjen: Kvifor Grabowski? Kvifor ikkje ein annan av dei 130 medlemmene av det mosaiske trussamfunnet i Trondheim som vart drepne?

Eg trur det hadde vore fullt mogleg å lage gode, inntrykksfulle forteljingar også om dei fleste andre, slik det alt har vorte gjort om Cissy Klein. Men det er ein tilleggsdimensjon med Grabowsky som tvingar fram også meir prinsipielle, filosofiske refleksjonar i tillegg til identifikasjonen og empatien. Grabowsky var kunstnar. Når eg dreg fram det, er det ikkje fordi eg meiner det var ekstra ille at ein kunstnar eller ein intellektuell vart drepen i forhold til ein handverkar, ein kjøpmann eller ei husmor. Tvert om skal vi halde fast på at menneskeverdet ikkje kan graderast. Men vitnemåla om songen til Grabowski på Falstad fortel at han ikkje berre gjorde inntrykk på medfangane sine, men også på fangevaktarane.

Dette skaper paradoks og inkongruensar i vår forståing av overgriparane. På ei side får vi stadfesta at estetisk sans på ingen måte treng å vere kopla til etisk alvor og konsekvens. Men om vi no tek utgangspunkt i det som etter kvart er godt kjent, at mange nazistar på ingen måte var uutdanna og intellektuelt undermåls, men tvert om godt skolert i tysk dannelse og høgkultur, blir det eit enda større paradoks: Korleis kunne representantane for herrefolket få det til å henge saman at ein jødisk Untermensch var i stand til å gje kunstnarisk uttrykk for tysk høgkultur gjennom songen sin på måtar som også rørte dei sjølve?

Dei kunne ikkje få det til å henge saman. Derfor reagerte dei med slag, spark og meiningslaus straffeeksersis. Berre på den måten kunne dei døyve den tankemessige inkonsistensen. Slik sett kan historia om Josef Grabowski tene ikkje berre som eit inntak til empati med ofra, men også til ettertanke om overgriparane.

Historia har eit tilleggsmoment som eg ikkje vil skal vere unemnt: Ho fortel om norsk flyktningepolitikk. Grabowski fekk problem med innreiseløyve, og slapp ikkje inn før synagogen i eigenskap av arbeidsgjevar garanterte at han ikkje kom til å ligge det offentlege til byrde. I dag fell det lett å kalle motviljen mot jødiske flyktningar frå Tyskland småleg og nasjonalistisk snever, og vi har vonleg lært ein del sidan den gongen om det etiske ansvaret for å verne forfølgte og utsette menneske. Men kan hende skulle vi likevel ta oss tid til å tenke ein gong til over kva framtida kan kome til å seie om vår behandling i dag av menneske som bankar på vår dør (...)"

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Legg gjerne igjen en kommentar til innlegget. Kommentarer publiseres så snart de er gjennomgått av bloggadministrator. Du kan også kontakte oss direkte på post@falstadsenteret.no